Vilkår for nyheitsbrev
Versjon 1.0 · Gjeldande frå 24.9.2026
Desse vilkåra gjeld når eit føretak (kunden) brukar nyheitsbrev i Logolink Studio til å samle inn e-postadresser, halde lister og sende nyheitsbrev. Dei er òg databehandlaravtalen mellom kunden og Logolink AS for personopplysningane på listene til kunden, etter personvernforordninga (GDPR) artikkel 28.
Ein avsendar hos kunden godtek vilkåra på vegner av føretaket før listene kan brukast. Portalen lagrar kven som godtok, når, og kva versjon det var.
1.Kven som har ansvaret#
Kunden er behandlingsansvarleg for listene sine og for personopplysningane på dei. Kunden avgjer kven som skal stå på listene, kva som blir sendt, og kvifor.
Logolink er databehandlar. Me handsamar opplysningane berre på vegner av kunden, for å levere tenesta som er skildra her, og aldri til eigne føremål.
Logolink sitt eige nyheitsbrev er ikkje omfatta av desse vilkåra. Der er Logolink behandlingsansvarleg, og personvernerklæringa gjeld.
2.Kva tenesta omfattar#
- Lister med eiga påmeldingsside, QR-kode og nøkkel for påmelding frå kunden sin eigen nettstad.
- Stadfesting på e-post før nokon blir lagd til ei liste (dobbel innmelding).
- Import av adresser og registrering av adresser for hand.
- Skriving, førehandsvising, testsending og utsending av nyheitsbrev.
- Avmelding med eitt klikk i kvart nyheitsbrev, og nettversjon av sende nyheitsbrev.
- Handtering av e-post som ikkje kan leverast og av klager, og sperring av adresser som ikkje skal få meir e-post.
- Innsyn i og sletting av alt som er lagra om ei adresse.
Tenesta sporar ikkje om den einskilde mottakaren opnar e-posten eller klikkar på lenkjer.
3.Lovleg grunnlag er kunden sitt ansvar#
Kunden må ha lovleg grunnlag for kvar adresse på listene. Etter markedsføringslova § 15 krev e-post med marknadsføring til privatpersonar førehandssamtykke. Unntaket for eksisterande kundeforhold gjeld berre marknadsføring av eigne, tilsvarande varer og tenester, og berre når mottakaren fekk høve til å reservere seg då adressa vart samla inn, og får det i kvar e-post.
- Påmelding frå påmeldingssida og frå kunden sin nettstad krev alltid stadfesting på e-post. Det kan ikkje slåast av.
- Ved import og registrering for hand oppgir kunden kva grunnlag som gjeld. Portalen lagrar grunnlaget, kven som oppgav det og når. Som standard får alle ein e-post med spørsmål før dei blir lagde til.
- Kunden skal ikkje leggje inn kjøpte eller leigde lister, adresser henta frå nettet, eller andre adresser kunden ikkje har grunnlag for.
- Kunden er ansvarleg for innhaldet i nyheitsbreva: at det er lovleg, at det går tydeleg fram kven som sender, og at kunden har rett til å bruke tekst, bilete og logoar.
- Kunden skal ikkje leggje særlege kategoriar av personopplysningar inn i tenesta, til dømes opplysningar om helse, religion eller politisk syn.
4.Avmelding, sperring og utsending#
- Kvart nyheitsbrev har ei avmeldingslenkje og støttar avmelding med eitt klikk frå e-postprogrammet. Dette kan ikkje fjernast. Ei avmelding gjeld straks.
- Adresser der e-posten ikkje kan leverast, adresser som klagar, og adresser som blir sletta, blir sperra hos kunden. Dei kan berre kome tilbake ved at personen sjølv melder seg på og stadfestar på nytt.
- Nyheitsbreva blir sende frå ein avsendarinfrastruktur som fleire kundar deler. For å verne alle stoppar ei utsending av seg sjølv dersom for mange e-postar ikkje kan leverast eller fører til klage i starten. Berre Logolink kan setje henne i gang att.
- Logolink kan setje ei utsending, ein import eller kunden sin tilgang til nyheitsbrev på pause ved misbruk, brot på desse vilkåra eller fare for omdømmet til avsendarinfrastrukturen. Me seier frå til kunden kva som skjedde og kvifor.
- Det kan gjelde grenser for kor mange e-postar som kan sendast per time og per døgn.
- Logolink kan ikkje garantere at kvar e-post kjem fram, eller at han ikkje hamnar i søppelposten hos mottakaren.
5.Databehandlaravtale#
5.1 Instruks
Logolink handsamar personopplysningane berre for å levere tenesta i punkt 2 og etter dokumentert instruks frå kunden. Desse vilkåra, og det kunden gjer med funksjonane i portalen, er instruksen. Meiner Logolink at ein instruks er i strid med personvernregelverket, seier me frå til kunden.
5.2 Kva opplysningar, og om kven
Dei registrerte er personar som står på, melder seg på eller blir lagde til listene til kunden. Opplysningane er:
- e-postadresse og namn (namn er valfritt)
- status per liste: ventar på stadfesting, påmeld eller avmeld
- prov på samtykke: kvar påmeldinga kom frå, grunnlaget, versjonen av samtykketeksten, tidspunkt, og IP-adresse og nettlesar ved stadfesting
- kva nyheitsbrev adressa har fått, og om e-posten vart levert, ikkje kunne leverast eller førte til klage
- sperringar, lagra som ein einvegs hash av adressa og ikkje som sjølve adressa
5.3 Teieplikt og tilgang
Berre tilsette hos Logolink som treng det for å drifte tenesta, rette feil eller hjelpe kunden, får tilgang til opplysningane. Dei har teieplikt, òg etter at avtalen er slutt.
5.4 Tryggleik
Logolink har tekniske og organisatoriske tiltak for å verne opplysningane, mellom anna:
- kryptert overføring (TLS) mellom nettlesar, server og underleverandørar
- opplysningane kan berre lesast og endrast gjennom serveren, aldri direkte frå ein nettlesar
- tilgang avgrensa per føretak og per rolle, og sterk innlogging (passnøkkel eller tofaktor) for tilsette
- logg over endringar, eksport og sletting
- nyheitsbrev blir sende skilt frå annan e-post frå portalen
- sperringar lagra som hash
5.5 Underdatabehandlarar
Kunden godtek at Logolink brukar desse underdatabehandlarane:
- Amazon Web Services EMEA SARL (Amazon SES) — sender e-postane og melder tilbake om levering, e-post som ikkje kunne leverast, og klager. Frankfurt, Tyskland.
- Supabase Inc. — database. Driven hos Amazon Web Services i Stockholm, Sverige.
- Hetzner Online GmbH — serveren Logolink Studio køyrer på. Helsingfors, Finland.
- BunnyWay d.o.o. (bunny.net) — lagring og levering av bilete som blir brukte i nyheitsbreva.
- Cloudflare Inc. — vern av påmeldingssida mot automatisert misbruk.
- Functional Software Inc. (Sentry) — feilovervaking. EU-region.
Personopplysningane blir lagra i EU/EØS. Fleire av leverandørane har hovudsete i USA. Der det likevel kan skje overføring til eller tilgang frå land utanfor EØS, er det sikra med EU-kommisjonen sine standardavtalevilkår eller EU–US Data Privacy Framework.
Logolink har databehandlaravtale med kvar underdatabehandlar, med minst like strenge plikter som i denne avtalen. Nye eller bytte underdatabehandlarar blir varsla ved at det kjem ein ny versjon av desse vilkåra. Kunden kan då protestere, eller slutte å bruke tenesta.
5.6 Rettane til dei registrerte
- Kunden kan sjølv gi innsyn i og slette alt som er lagra om ei adresse, under «Personvern» på lista i portalen.
- Tenesta gjennomfører avmeldingar straks, utan at kunden treng gjere noko.
- Får Logolink ein førespurnad frå ein registrert om kunden si liste, sender me han vidare til kunden utan unødig opphald og seinast innan fem arbeidsdagar. Me svarar ikkje sjølv på vegner av kunden, utover å fortelje personen at førespurnaden er send vidare.
- Logolink hjelper kunden med å svare på førespurnader når det trengst.
5.7 Brot på persondatatryggleiken
Blir Logolink kjent med eit brot som gjeld opplysningane til kunden, varslar me kunden utan unødig opphald og seinast innan 48 timar. Varselet seier kva som har skjedd, kva opplysningar og kor mange personar som er råka, og kva me gjer med det. Kunden avgjer og står for varsling til Datatilsynet og til dei registrerte.
5.8 Dokumentasjon og revisjon
Logolink gjer tilgjengeleg den informasjonen kunden treng for å vise at pliktene i artikkel 28 er oppfylte, og hjelper med vurderingar av personvernkonsekvensar når det trengst. Kunden kan krevje revisjon etter rimeleg varsel, og ber sjølv kostnadene med revisjonen.
5.9 Lagringstid og sletting
- Påmeldingar som aldri blir stadfesta, blir sletta 30 dagar etter siste stadfestings-e-post.
- E-postadressa blir fjerna frå utsendingsloggen etter 90 dagar. Tala over kor mange som fekk kvart nyheitsbrev, blir verande.
- Når avtalen tek slutt, får kunden tilbod om å få listene utleverte. Logolink slettar deretter alle personopplysningane på listene til kunden innan 30 dagar, med mindre lova krev at noko blir teke vare på. Kopiar i tryggleikskopiar forsvinn etter den faste sletterutinen for tryggleikskopiar.
6.Pris#
Pris for nyheitsbrev blir avtalt særskilt. Prisar er oppgjevne eksklusive MVA.
7.Ansvar#
Kunden er ansvarleg for grunnlaget for adressene og for innhaldet i nyheitsbreva, og held Logolink skadeslaus for krav frå tredjepart eller styresmakter som kjem av at kunden har brote punkt 3.
Logolink er ikkje ansvarleg for indirekte tap eller følgjeskadar. Det samla ansvaret vårt etter desse vilkåra er avgrensa til det kunden har betalt for nyheitsbrev dei siste tolv månadene. Ansvar som følgjer direkte av personvernforordninga, blir ikkje avgrensa av dette.
8.Endringar i vilkåra#
Logolink kan endre desse vilkåra. Ein ny versjon må godtakast av ein avsendar hos kunden før kunden kan leggje til folk eller sende igjen. Nyheitsbrev som allereie er sende, er ikkje påverka. Portalen lagrar kva versjon som vart godteken, og når.
9.Varigheit og oppseiing#
Vilkåra gjeld så lenge kunden brukar nyheitsbrev i portalen. Kunden kan slutte når som helst ved å seie frå til oss. Logolink kan seie opp med 30 dagars varsel, eller med verknad straks ved vesentleg brot på vilkåra. Punkt 5.3 og 5.9 gjeld òg etter at avtalen er slutt.
10.Lovval og tvistar#
Vilkåra er underlagde norsk lov. Tvistar som ikkje lèt seg løyse i minnelegheit, blir avgjorde ved dei ordinære domstolane.
Kontakt oss:
Logolink AS
Vangsgata 26A, 5700 Voss
E-post: web@logolink.no
Telefon: 91 700 600
Org.nr: 991 252 541
Spørsmål om nyheitsbrev? Kontakt oss