Kundeportalen din,
med ditt namn på.
Kundane dine godkjenner, svarar og hentar filer sjølve. Du slepp å purre, og ser alltid kvar jobben står.
Kari Lunde godkjende Logo og profil i Ny profil 2027 for Fjordlys AS.
Snakkar med systema du alt har
PowerOffice Go rekneskapBrønnøysundregistera register
Claude KI bak Hugin
Brukar du Tripletex, Fiken eller Visma? Sei frå, så prioriterer me det.
Mindre purring, raskare betalt.
Slutt å purre.
Kunden ser sjølv kva som ventar på dei, svarar på spørsmåla dine og godkjenner rett i portalen. Du ser når dei har opna det du sende.
- Du sende designforslag v3
- Kari opna det
- Kari godkjende det
- TilbodT-2026-0118
- OrdrestadfestingO-2026-0042
PowerOffice GoKlar til fakturering
Frå ja til faktura.
Kunden aksepterer tilbodet med eitt trykk. Ordrestadfestinga blir laga frå tilbodet, og ordren ligg klar i PowerOffice Go.
E-posten blir eit prosjekt.
Hugin les førespurnaden, finn kunden og føreslår prosjektet. Du ser over og godkjenner, så er prosjektet oppretta.
«Hei! Me i Fjordlys treng ny logo, profilmanual og ein kort kampanjefilm til lanseringa i mars. Kan de sende eit prisestimat? Helsing Kari Lunde, marknadssjef.»
Hugin
- Selskap
- Fjordlys AS
- Kontakt
- Kari Lunde, marknadssjef
- Ønske
- Logo · Profilmanual · Kampanjefilm, kort
- Frist
- 1. mars 2027
Ditt merke på alt kunden ser.
Logoen din, fargane dine og adressa di, i portalen og i e-postane.
portal.dittbyra.no
Laga av eit byrå, for byrå.
Logolink er fire folk i Vangsgata på Voss. Me brukar Studio sjølve kvar dag, og Ekstremsportveko brukar det for sponsorane sine.




Står noko fast, får du svar frå oss på norsk, vanlegvis innan ein arbeidsdag.

Lite å tape på å prøve.
- Nokre dagar
- Me set opp merket, domenet og kundane dine saman med deg.
- Dataa er dine
- Filene og prosjekta tek du med deg om du sluttar.
- Eitt år om gongen
- Ingen lang binding.
Kva kostar Studio?
Det kjem an på kva byrået ditt treng. Fortel oss korleis de jobbar, så set me saman ein pris som passar.
Det folk spør om.
Må kundane mine lage konto og passord?
Nei. Dei får ein invitasjon på e-post og loggar inn med fingeren eller ansiktet. Svare kan dei rett frå e-posten.
Kan de flytte over kundane eg har?
Ja. Kundane dine i PowerOffice Go ligg klare i Studio, og du hentar dei inn med eitt trykk.
Kvar ligg dataa?
På servarar i EU. Hugin brukar dei ikkje til å trene KI, og ser berre det personen som spør, har tilgang til.
Kva er Studio ikkje?
Ikkje eit rekneskapssystem og ikkje eit teikneprogram. Det er staden du og kundane dine jobbar saman.